tirsdag 4. mars 2008

excentrum av Inger Lena Gåsemyr

Har landsbygda vorte avant garde? Med dette spørsmålet vil prosjektet “EXCENTRUM” sjå nærmare på den auka interessa for det regionale og særeigne i utkantstroka, og drøfta korleis dette kjem til uttrykk i samtidskunsten. Den moderne kunsten har i lang tid vore sterkt knytt til byen, noko som særskilt kom til syne i Charles Baudelaire si diktsamling ”ondskapens blomar” frå 1857. Her skildra han korleis bohemen levde sine liv uavhengig av dei normar og reglar som elles gjaldt i samfunnet, noko som vart starten på ein ny, avant garde kunst. Det verkar som om bohemlivet framleis trekk til seg kunstnarar. Populariteten til den konkursramma byen Berlin kan tyda på dette.Sidan slutten av 1980-talet har store ressursar vorte brukt på å rusta opp byane og gjera dei vakre og tiltrekkjande, samstundes som nedlagde industriområde og bustadområde med dårleg standard (men låg husleige) trekk til seg kreative menneske. No er dei fleste byane rusta opp med betre standard, vakre møteplassar. Men kva verknad har dette hatt på kunstnarane? Har einsretta fokus på byfornying og opprusting ført til at ein har mista noko av det kreative rommet, sidan variasjon ofte er med på å stimulera nyskaping og kreative tankar? Ein spekulativ eigedomsmarknad med høge bustadprisar og små husvære som er retta mot einslege og pengesterke er vel ikkje noko for dei nye bohemane?Auka interesse for kulturbasert næringsutvikling har gitt sponsorar større påverknad i kulturverksemda, noko som kan gi eit meir kommersielt kunstuttrykk. I tillegg er globaliseringa ei utfordring for vern av særeigen lokal kultur. Vil kunstnarar etter kvart sakna det kreative rommet i byen, og søkja seg til eit meir mangfaldig og eksotisk ”excentrum”? Dersom dette skjer, kva følgjer kan det få for utvikling og verdiskaping i lokalsamfunnet? Inger Lena Gåsemyr

Ingen kommentarer: