mandag 3. mars 2008

SENTRUM ER DER EIN FÅR SKAPE OG BLIR SETT. av Kristi Skintveit

I går smilte me av natur- og landsbyromantikken på 1970-talet, i dag ser me at historia gjentek seg. Berre her i Hardanger har me i kjølvatnet av Harding Puls og Kunsthuset Kabuso, samtidig med nedlegging av skular og fabrikkar, fått tilflyttingsprosjektet Kvammalokk og tema som; Kunst på landet, Barselgrad, Bygdalarm og Excentrum.

Ikkje berre søkjer kunstnarar seg til rimelege, nedlagde, landsens lokale, men kommunar og er på banen. Dei lokkar med stipend og optimale tilhøve for kunstnarliv på bygdene eller på utdøydde industristader. Me ser altså ein tovegs dynamikk.

Likevel kan ein vel knapt snakke om kunstnarflukt frå by til land, eller at landsbygda har tatt over som arena for bohemliv og avant garde kunst, men kan ein snakke om at geografi, nærmiljø, god plass og urørd natur har innverknad i ein slik grad at det formar kunsten eller at fleire kunstnarar sitt nærvær vil endre bygdene? Truleg kan ein det til ein viss grad, men ikkje som ein regel eller stereotypi. Både kunstnarar som anna folk, og bygder som byar, er ulike.

Eg er skeptisk til teoretisering og vil heller sjå på kunstnaren som kunstnar enn som kunstig andedrag for fråflyttingstrua bygder eller skrantande kommunar. Kva er det så å vere kunstnar i dag? I artikkelen ”Ut av sitt gode skinn: Kunstneren som borger” i Norsk Kunstårbok 2007, tek Ika Kaminka for seg dei ulike vikarierande rollene kunstnarar tek på seg, eller blir pålagde, i vår tid. Kunstnaren som historieskrivar, omsorgsarbeidar, givar, politikar o.s.b. Ho skriv og om alle stadene som har fått ”kunstnarleg pleie” med statstønad dei siste tiåra.
Kunst er i dag mykje meir enn enkeltståande fysiske verk og det er individuelt korleis ein utfaldar seg kunstnarleg. Evner ein å skape fullverdig kunst ut frå pålagde kriteria, og lever av det, er ein profesjonell.

Den optimale situasjonen eller staden for å skape vil vere ulik frå kunstnar til kunstnar. Det spelar og ei rolle om kunstnarskapet er eit kall, eit yrke eller ei livsform? Nokre har ei sterk og uavhengig indre åre og vel isolasjon, borte frå heimen, for å skape eller få i hamn ei utstilling, ei bok eller ein kolleksjon. Nokre skaper best i samhandling med andre. Andre føl Ole Bull modellen og reiser verda rundt på jakt etter merksemd og inspirasjon for å frigjera det ibuande talentet. Atter andre må landa, falla til ro og identifisera seg med staden før det er mogleg å skape.

Det kan vere mange grunnar til å velje utkantstrøk som base. Nok plass til skapande verksemt, ro og fred, rimelege levekostnader og nærleik til naturen. Ei høgt kunstutdanna ung kvinne frå Tokyo har vitja oss nokre gonger. Hennar største ynskje er å livnære seg som kunstnar, men av di ho meiner det er umogleg ”å bli sett” i Japan, vil ho flytte til Noreg og slå seg ned i Hardanger.

JONDAL, 19. januar 2008

Kristi Skintveit.

Ingen kommentarer: