mandag 3. mars 2008

Kvar er sentrum? av Olav Skeie Lid

”Mange års røynsle med pil og boge” av Olav H Hauge

Det er den svarte prikkenmidt i skiva du skal treffa,nett den, der skal pili stå og dirra!Men nett der treffer du ikkjeDu er nær, nærare,nei ikkje nær nok.So lyt du gå og plukka upp pilene, gå tilbake. Den svarte prikken tergar deg.Til du forstår pili som stend der og dirrar.Her er og eit midtpunkt.


Olav H. Hauge gjev oss mange refleksjonar. Og med ex-centrum som tema, så kan det vera nyttig å ta med hans kloke ord før ein kastar seg ut i vidflogne tankebanar om periferi og sentrum. Dei fleste vestlendingar gler seg uhemma over formuleringar som ”Oslo er greitt nok, hadde det berre ikkje vore så syrgjeleg usentralt.” Humre, humre. Og i same slengen kan ein kasta fram populistiske tankar om visjonar om sterke og sjølvstyrte regionar i vårt land, der vårt fagre Vestland kan få behalda alle kraftressursane, all olja som ligg her, laksen, turismen. Ha! – då skulle austlendingane fått brynt seg – kva skulle dei då gjera i hovudstaden, når dei ikkje kunne ha sugerøyret sitt her hjå oss!?

Kvar er sentrum? Du veike menneskebarn – kor lite du skjønar, sa ein gammal kinesisk vismann. Me har ein usæl evne til å orientera oss ut frå oss sjølve, naturleg nok. Frå barnsbein av hentar vi kunnskap etter som vi sveipar i stadig vidare krinsar ut frå den trygge famnen til mor. Ringane vert større og synsranda vidare, og forståinga for ny kunnskap, andre kulturar, andre språk, andre religionar aukar i takt med vidsynet. Men framleis vil me alltid stå planta i vårt eige sentrum, og orientera oss derifrå.
Og me skal ikkje sjå veldig langt ut frå vår eigen navle før me ser at dei som til ei kvar tid har hatt herredømet i verda, har nytta seg vel av denne hersketeknikken: Sentrum er der makta er. Namn som ”Det fjerne austen” fortel sitt tydelege språk om kven som har gjeve namn, og kvar i verda namngjevarane sat. Kunnskapen om korleis makta har tedd seg i fjerne og nære tider, gjev ikkje grunn til å slå seg på brystet i stor grad – verken conquestadorane i Mellom-Amerika eller dei heilage krigarane til Uncle Sam i Irak i dag gjev oss grunn til vera stolte over den vestlege økonomiske og militære makta. ”Midtens rike” kallar kinesarane sitt veldige land, og gjev oss arrogante europearar med det ein solid verbal øyrefik.
Me lever alle i denne dirringa: kampen mot overmakta. Me har i vår eigen vakre kommune nett vore gjennom ein oppheita strid om kvar skulane våre skal vera. Ikkje alt som har kome fram av framferd og strategiar har vore eit like vakkert syn. Og på mange måtar er me i same båt: den vesle grenda sloss for sin skule, den vesle bygda sloss mot den store bygda, den store bygda sloss mot kommunen, kommunen sloss mot overmakta i staten, staten på si side sloss mot overmakta i EU, - og jammen sloss ikkje EU på si side mot storebror USA – og Kina, for den saks skuld. Me står alle i ein samanheng der me kjenner avmakt, og freistar nyteikna kartet for å skapa eit nytt sentrum.

Skulestriden i Kvam er alt nemnt, og skulle vera godt kjend, både lokalt og regionalt. Dårlegare PR er det vanskeleg for ei bygd å skaffa seg. Men lat oss ein augneblink leggja vekk retorikken om skulen, og freista sjå kampen bak orda om kvalitet i skulen. Kva ser me? Ein evig kamp om kvar tyngdepunktet – og makta - skal vera. Historisk sett har alltid Norheimsund sett på seg sjølv som storebror i den mange hundreårige striden mot Øystese. Storebrør vert fort litt arrogante i stilen, og hallar seg lett attover og kviler på si eiga tyngd. For ein dag brått å oppdaga at veslebror har bite tennene saman og vakse storebror over hovudet. Ikkje berre har han vakse, men tolmodig har han spela sine kort rett, og funne alliansar. Storebror ser seg rundt, og oppdagar til si store undring at våpna hans er rusta sund medan han kvilte. Og utan spor av medkjensle susar veslebror forbi den avvæpna, vel vitande om si eiga makt. Og Norheimsund ser i skrivande stund ut til å måtta dela kommunesenterfunksjonen – og ikkje minst: regionssenterstatusen sin - med jordbruksbygda innom Nes.

Det er freistande med ein liten parallell, om han enn haltar litevetta: i mange hundre år var Bjørgvin hovudstad i Noreg, basert på byen sin handelsstatus og strategiske plassering. Så vaks Nidaros fram som religionsbasert tyngdepunkt og vippa torskehandlande bergensarar ned frå truna, før Christiania til slutt stod fram med sin tette danskekontakt og flytta makta austpå for godt.
Tider skiftar, alliansar oppstår – og går til grunne. Makt vil over tid alltid korrumpera, og evig eies kun det tapte.

Midt i dette spelet bur eg og du. Her er heimbygda vår, her skal me finna meining for tru og tanke, her skal strukturar byggjast og fungera, her skal det sosiale livet levast og speglast. Nettverk skal byggjast, arbeidsplassar skapast, kultur i alle sine former skal dyrkast. Er det av vital tyding kvar sentrum ligg? Kor mykje av lukka mi er avhengig av kvar makta sit?
Heimen min er der mine kjære bur. Så får heller sentrum og makta flytta litt på seg – me toler det. Men me toler ikkje å missa gode frendar og naboar i det daglege.

Hundreårsjubilanten frå Ulvik skal få siste ordet i mi vesle fundering omkring kvar sentrum er:

EG SIKTAR LITT YVEREi pil som skal råka,kan ikkje gjeramange krokar. Men eingod skyttarrekner med fråstanden og vinden.So når eg siktar på deg,siktar eg litt yver.

Ingen kommentarer: