tirsdag 4. mars 2008

excentrum av Inger Lena Gåsemyr

Har landsbygda vorte avant garde? Med dette spørsmålet vil prosjektet “EXCENTRUM” sjå nærmare på den auka interessa for det regionale og særeigne i utkantstroka, og drøfta korleis dette kjem til uttrykk i samtidskunsten. Den moderne kunsten har i lang tid vore sterkt knytt til byen, noko som særskilt kom til syne i Charles Baudelaire si diktsamling ”ondskapens blomar” frå 1857. Her skildra han korleis bohemen levde sine liv uavhengig av dei normar og reglar som elles gjaldt i samfunnet, noko som vart starten på ein ny, avant garde kunst. Det verkar som om bohemlivet framleis trekk til seg kunstnarar. Populariteten til den konkursramma byen Berlin kan tyda på dette.Sidan slutten av 1980-talet har store ressursar vorte brukt på å rusta opp byane og gjera dei vakre og tiltrekkjande, samstundes som nedlagde industriområde og bustadområde med dårleg standard (men låg husleige) trekk til seg kreative menneske. No er dei fleste byane rusta opp med betre standard, vakre møteplassar. Men kva verknad har dette hatt på kunstnarane? Har einsretta fokus på byfornying og opprusting ført til at ein har mista noko av det kreative rommet, sidan variasjon ofte er med på å stimulera nyskaping og kreative tankar? Ein spekulativ eigedomsmarknad med høge bustadprisar og små husvære som er retta mot einslege og pengesterke er vel ikkje noko for dei nye bohemane?Auka interesse for kulturbasert næringsutvikling har gitt sponsorar større påverknad i kulturverksemda, noko som kan gi eit meir kommersielt kunstuttrykk. I tillegg er globaliseringa ei utfordring for vern av særeigen lokal kultur. Vil kunstnarar etter kvart sakna det kreative rommet i byen, og søkja seg til eit meir mangfaldig og eksotisk ”excentrum”? Dersom dette skjer, kva følgjer kan det få for utvikling og verdiskaping i lokalsamfunnet? Inger Lena Gåsemyr

mandag 3. mars 2008

Hjelp, hvor er vi? Kan noen peke meg veien ut av Sentrum? av Ole Mads Sirks Vevle

Det er blitt sagt, og også helt sikkert skrevet, og blogget, og telefonert, og sms´et, og tagget? at det stedet hvor vi til enhver tid, mer eller mindre tilfeldig eller med sterkere og svakere streng nødvendighet, måtte befinne oss, at det stedet, er per perfektum pre presens og in infinitivt, universets sentrum. Da det vitterlig er bevisst ugjenkallelig og ufravikelig at universet er uendelig, i alle fall ut fra det vi vet i dag (det er det jeg har blitt fortalt og som jeg i første andre og tredje person entall og flertall har overhørt på diverse kneiper og fagforum, og som jeg selv egenhendig kan resonnere meg frem og tilbake til), med dagens måleinstrumenter. Altså, ethvert sted i universet er, er universets sentrum. Alt er i sentrum, fordi det er ikke noe sentrum, alt er sitt eget sentrum, en evig midte, utstrakt mellom begynnelsen (som ikke eksisterer) og slutten (som ikke eksisterer). Sentrum av teksten, som strømmer ut fra (kun Gud vet hvor) og som ender (teksten har ingen ende). Basert på denne ervervede kunnskapen, a prior rori, kan jeg slå fast, at vi alle sammen, sammen, er fanget / sluppet fri i sentrum.
Mitt ønske er således ikke å unnslippe, men å maksimere (legg merke til infinitivsformene av verbene "unnslippe" og "maksimere") mitt opphold. All den tid jeg skal være her, sammen med dere og sammen med meg selv og min Gud, og mitt nyervervede kjøretøy, i sentrum av det Hele og det Halve. Nå er jeg, i likhet med horder av, forholdsvis, unge kunstnere kommet fram til den konklusjon at dette kan best gjøres, paradoksalt nok, utenfor sentrum, nærmere bestemt, utenfor et bysentrum, det vil si, utenfor det sted hvor det er stor ("altfor stor", sier jeg sammen med horden) tetthet av masse (gørr) som har klumpet seg sammen og som vekselvis virker med og mot hverandre som aktører og arrangører og på et felles fellesmarked, og som har (ingen kan si hvorfor) begynt å koagulere(?)
epilog: Ingen kan si hvilken vei vinden blåser, når den blåser fra sør. Ingen kan si at sentrum, er sentrum, når sentrum er sentrum. Det er ikke det som er poenget. Sentrum kan være en avsporing. Kan være. Ikke løp. Sentrum er et sent rum, et sant rum, interresantrum. interessentum, Sssss en tr oooohhhhmmmmm. Alt er i oppløsning. Et Fritt Uavhengig Uendelig Fall som forflytter seg.
Hvem er du?
Jeg er vinden, jeg er havet, jeg er overalt. (hint: Jeg er ikke langt unna den mørke materien som er overalt). Jeg Er den Jeg Er. Hvem er du? Jg r ngntng! Hvor er du? Jg r hr! Jg r tn nd, tn bgnnls, tn frmtd, tn frtd, tn ntd.
Kom, så flytter vi!
fortsettelse følger....

Kvar er sentrum? av Olav Skeie Lid

”Mange års røynsle med pil og boge” av Olav H Hauge

Det er den svarte prikkenmidt i skiva du skal treffa,nett den, der skal pili stå og dirra!Men nett der treffer du ikkjeDu er nær, nærare,nei ikkje nær nok.So lyt du gå og plukka upp pilene, gå tilbake. Den svarte prikken tergar deg.Til du forstår pili som stend der og dirrar.Her er og eit midtpunkt.


Olav H. Hauge gjev oss mange refleksjonar. Og med ex-centrum som tema, så kan det vera nyttig å ta med hans kloke ord før ein kastar seg ut i vidflogne tankebanar om periferi og sentrum. Dei fleste vestlendingar gler seg uhemma over formuleringar som ”Oslo er greitt nok, hadde det berre ikkje vore så syrgjeleg usentralt.” Humre, humre. Og i same slengen kan ein kasta fram populistiske tankar om visjonar om sterke og sjølvstyrte regionar i vårt land, der vårt fagre Vestland kan få behalda alle kraftressursane, all olja som ligg her, laksen, turismen. Ha! – då skulle austlendingane fått brynt seg – kva skulle dei då gjera i hovudstaden, når dei ikkje kunne ha sugerøyret sitt her hjå oss!?

Kvar er sentrum? Du veike menneskebarn – kor lite du skjønar, sa ein gammal kinesisk vismann. Me har ein usæl evne til å orientera oss ut frå oss sjølve, naturleg nok. Frå barnsbein av hentar vi kunnskap etter som vi sveipar i stadig vidare krinsar ut frå den trygge famnen til mor. Ringane vert større og synsranda vidare, og forståinga for ny kunnskap, andre kulturar, andre språk, andre religionar aukar i takt med vidsynet. Men framleis vil me alltid stå planta i vårt eige sentrum, og orientera oss derifrå.
Og me skal ikkje sjå veldig langt ut frå vår eigen navle før me ser at dei som til ei kvar tid har hatt herredømet i verda, har nytta seg vel av denne hersketeknikken: Sentrum er der makta er. Namn som ”Det fjerne austen” fortel sitt tydelege språk om kven som har gjeve namn, og kvar i verda namngjevarane sat. Kunnskapen om korleis makta har tedd seg i fjerne og nære tider, gjev ikkje grunn til å slå seg på brystet i stor grad – verken conquestadorane i Mellom-Amerika eller dei heilage krigarane til Uncle Sam i Irak i dag gjev oss grunn til vera stolte over den vestlege økonomiske og militære makta. ”Midtens rike” kallar kinesarane sitt veldige land, og gjev oss arrogante europearar med det ein solid verbal øyrefik.
Me lever alle i denne dirringa: kampen mot overmakta. Me har i vår eigen vakre kommune nett vore gjennom ein oppheita strid om kvar skulane våre skal vera. Ikkje alt som har kome fram av framferd og strategiar har vore eit like vakkert syn. Og på mange måtar er me i same båt: den vesle grenda sloss for sin skule, den vesle bygda sloss mot den store bygda, den store bygda sloss mot kommunen, kommunen sloss mot overmakta i staten, staten på si side sloss mot overmakta i EU, - og jammen sloss ikkje EU på si side mot storebror USA – og Kina, for den saks skuld. Me står alle i ein samanheng der me kjenner avmakt, og freistar nyteikna kartet for å skapa eit nytt sentrum.

Skulestriden i Kvam er alt nemnt, og skulle vera godt kjend, både lokalt og regionalt. Dårlegare PR er det vanskeleg for ei bygd å skaffa seg. Men lat oss ein augneblink leggja vekk retorikken om skulen, og freista sjå kampen bak orda om kvalitet i skulen. Kva ser me? Ein evig kamp om kvar tyngdepunktet – og makta - skal vera. Historisk sett har alltid Norheimsund sett på seg sjølv som storebror i den mange hundreårige striden mot Øystese. Storebrør vert fort litt arrogante i stilen, og hallar seg lett attover og kviler på si eiga tyngd. For ein dag brått å oppdaga at veslebror har bite tennene saman og vakse storebror over hovudet. Ikkje berre har han vakse, men tolmodig har han spela sine kort rett, og funne alliansar. Storebror ser seg rundt, og oppdagar til si store undring at våpna hans er rusta sund medan han kvilte. Og utan spor av medkjensle susar veslebror forbi den avvæpna, vel vitande om si eiga makt. Og Norheimsund ser i skrivande stund ut til å måtta dela kommunesenterfunksjonen – og ikkje minst: regionssenterstatusen sin - med jordbruksbygda innom Nes.

Det er freistande med ein liten parallell, om han enn haltar litevetta: i mange hundre år var Bjørgvin hovudstad i Noreg, basert på byen sin handelsstatus og strategiske plassering. Så vaks Nidaros fram som religionsbasert tyngdepunkt og vippa torskehandlande bergensarar ned frå truna, før Christiania til slutt stod fram med sin tette danskekontakt og flytta makta austpå for godt.
Tider skiftar, alliansar oppstår – og går til grunne. Makt vil over tid alltid korrumpera, og evig eies kun det tapte.

Midt i dette spelet bur eg og du. Her er heimbygda vår, her skal me finna meining for tru og tanke, her skal strukturar byggjast og fungera, her skal det sosiale livet levast og speglast. Nettverk skal byggjast, arbeidsplassar skapast, kultur i alle sine former skal dyrkast. Er det av vital tyding kvar sentrum ligg? Kor mykje av lukka mi er avhengig av kvar makta sit?
Heimen min er der mine kjære bur. Så får heller sentrum og makta flytta litt på seg – me toler det. Men me toler ikkje å missa gode frendar og naboar i det daglege.

Hundreårsjubilanten frå Ulvik skal få siste ordet i mi vesle fundering omkring kvar sentrum er:

EG SIKTAR LITT YVEREi pil som skal råka,kan ikkje gjeramange krokar. Men eingod skyttarrekner med fråstanden og vinden.So når eg siktar på deg,siktar eg litt yver.

SENTRUM ER DER EIN FÅR SKAPE OG BLIR SETT. av Kristi Skintveit

I går smilte me av natur- og landsbyromantikken på 1970-talet, i dag ser me at historia gjentek seg. Berre her i Hardanger har me i kjølvatnet av Harding Puls og Kunsthuset Kabuso, samtidig med nedlegging av skular og fabrikkar, fått tilflyttingsprosjektet Kvammalokk og tema som; Kunst på landet, Barselgrad, Bygdalarm og Excentrum.

Ikkje berre søkjer kunstnarar seg til rimelege, nedlagde, landsens lokale, men kommunar og er på banen. Dei lokkar med stipend og optimale tilhøve for kunstnarliv på bygdene eller på utdøydde industristader. Me ser altså ein tovegs dynamikk.

Likevel kan ein vel knapt snakke om kunstnarflukt frå by til land, eller at landsbygda har tatt over som arena for bohemliv og avant garde kunst, men kan ein snakke om at geografi, nærmiljø, god plass og urørd natur har innverknad i ein slik grad at det formar kunsten eller at fleire kunstnarar sitt nærvær vil endre bygdene? Truleg kan ein det til ein viss grad, men ikkje som ein regel eller stereotypi. Både kunstnarar som anna folk, og bygder som byar, er ulike.

Eg er skeptisk til teoretisering og vil heller sjå på kunstnaren som kunstnar enn som kunstig andedrag for fråflyttingstrua bygder eller skrantande kommunar. Kva er det så å vere kunstnar i dag? I artikkelen ”Ut av sitt gode skinn: Kunstneren som borger” i Norsk Kunstårbok 2007, tek Ika Kaminka for seg dei ulike vikarierande rollene kunstnarar tek på seg, eller blir pålagde, i vår tid. Kunstnaren som historieskrivar, omsorgsarbeidar, givar, politikar o.s.b. Ho skriv og om alle stadene som har fått ”kunstnarleg pleie” med statstønad dei siste tiåra.
Kunst er i dag mykje meir enn enkeltståande fysiske verk og det er individuelt korleis ein utfaldar seg kunstnarleg. Evner ein å skape fullverdig kunst ut frå pålagde kriteria, og lever av det, er ein profesjonell.

Den optimale situasjonen eller staden for å skape vil vere ulik frå kunstnar til kunstnar. Det spelar og ei rolle om kunstnarskapet er eit kall, eit yrke eller ei livsform? Nokre har ei sterk og uavhengig indre åre og vel isolasjon, borte frå heimen, for å skape eller få i hamn ei utstilling, ei bok eller ein kolleksjon. Nokre skaper best i samhandling med andre. Andre føl Ole Bull modellen og reiser verda rundt på jakt etter merksemd og inspirasjon for å frigjera det ibuande talentet. Atter andre må landa, falla til ro og identifisera seg med staden før det er mogleg å skape.

Det kan vere mange grunnar til å velje utkantstrøk som base. Nok plass til skapande verksemt, ro og fred, rimelege levekostnader og nærleik til naturen. Ei høgt kunstutdanna ung kvinne frå Tokyo har vitja oss nokre gonger. Hennar største ynskje er å livnære seg som kunstnar, men av di ho meiner det er umogleg ”å bli sett” i Japan, vil ho flytte til Noreg og slå seg ned i Hardanger.

JONDAL, 19. januar 2008

Kristi Skintveit.

Det enkle livet på landet. I bil. av Ingunn Hildonen Teigland

Det er nok ei semje blant bygdefolk om at sentimentalitet er pinleg, ein har då nyttigare ting å ta seg til med. Men sjå, der fekk ho eit drøymande uttrykk i andletet, ho ser gjennom eit indre ljosbilete-show, ho har lyst å formidla kjenslene sine til deg. Du har spurd ho om kvar ho helst har lyst å vera, og høgst truleg står ho no og tenkjer på fjellet sitt.
Der ein er fri, der ein har utsyn, der ein møter soga frå ættene sine. Der ein skal setja seg ned på steinbenken utanfor selet og sjå på elva før ein låser seg inn og pakkar ut sekken. Helst skal ein vera heilt åleine, berre ein sjølv og den ævelege naturen, i det minste får ein ta seg ein avstikkar frå fylgjet sitt og gå ein tur åleine til ein nut, slik at ein får vera i ro og ta inn over seg den store naturen. Det er ikkje så mykje å seia om saka, kanskje ein såg ei rype, det er fakta å ta med seg heim.
Det er greitt nok at bergensarane går til Skrott, men alle veit at det ikkje kan verta den same heilage handlinga for dei. Det vert meir som trim å rekna.
Folk brukar pengar på psykolog og gestalt-terapi og englekurs hos Märtha Louise, ja, det er nok helst bergensarar som gjer det, det er greitt nok at bergensarane brukar pengar på å finna seg sjølve, men dei kunne jo berre gått til fjells. Kanskje ikkje til Skrott, som er vårt fjell, men til nokre fjell langt inne i Samnanger kommune.

Eg fann kje hugnad i mitt ferdafylgje,og tida vart so beisk og orme langog lufta var so tung av kvardagsmyljeder nede på den gamle heimevang.Eg vassa bekk og bægjall elvebylgje,eg stunda til det høge blåfjellsfang.Eg finn min gud i klåre stjennenæternår allheimsgråten høgfjellsvangen væter.

Det skreiv Olav Nygard i 1913. Han var frå Modalen, Vestlandet.

Kvar gong eg flyg med Widerøe, vert eg minna på kor lukkeleg eg må vera som bur i ei bygd. I kvart nummer av gratis-bladet om bord, Perspektiv, kan eg lesa ein tidsriktig reportasje om spennande menneske som har gjort eit val i livet. Dei flyt ikkje med straumen. Dei har flytta på landet. Her har dei kjøpt eit småbruk eller eit fyr, og har funne meining i tilveret.
Kanskje får dei jamlege oppdateringar på e-posten sin om det nyaste innan ”simple living.” Dette er ei verdsomfemnande rørsle av folk med mål om ein enklare livsførsel, redusert forbruk og meir tid til vener og familie. Det dukkar opp ein reportasje om ein ”simple living-”familie i avisene no og då, gjerne i eit helgebilag, på livsstil- og interiørsidene. Den typiske ”simple living-”familien har forlate ein godt betalt jobb i byen, til dømes Oslo. Dei flyttar ut i distriktet, går ned i redusert stilling, kvittar seg med alle tinga dei ikkje treng, dyrkar økologiske reddikar i hagen, kjem i pakt med naturen, og har full kontroll over tida og lukka si. Kanskje les dei magasinet ”Lev landlig, ” ein publikasjon med ”inspirerende artikler og tips om hus og byggeskikk, interiør, mat, hage og landlige reisemål.” Her kan ein altså få råd og vink om korleis ein kan velja seg interiør som signaliserer at ein har vald ein anti-materialistisk livsstil.
Det er verd å merka seg at ein hjelpepleiar som ikkje får jobba full stilling av di distrikts-kommunen hennar skal spara pengar, og som difor ikkje har råd til ein stor sofa og eit dyrt fjernsynsapparat, ikkje kan kategoriserast som ”simple living-”person. Vedkomande har ikkje gjort eit medvite val, og kan difor ikkje reknast som trendy.

Når Lars Monsen står i kø på Gardermoen, samanliknar han det med å frysa. Ein må berre godta at det skjer, og vera tolmodig. Han lever av å leva det enkle livet.
Tankane om det enkle, naturnære livet på landet er ikkje nye. Ein klassikar innan naturfilosofi er boka ”Walden - Livet i skogene” av den amerikanske filosofen Henry David Thoreau. Han ynskte å få eit perspektiv på sivilisasjonen og utplyndringa av naturen, og flytta ut i ei enkel, sjølvbygd hytte i to år. Her budde han åleine. Han nytta røynslene frå skiftingane i naturen, frå studia av planter og dyr, det praktiske hushaldet, tilhøvet til naboane, som grunnlag for filosofisk refleksjon. ”Dersom eit menneske ikkje går i takt med dei rundt seg, er det kanskje fordi han høyrer rytmen frå ei anna tromme,” sa Thoreau i 1854.

Dersom eg får ein telefon frå ein ven, og eg til dømes sit under ein apal, seier eg det som det er. Eg sit under eit epletre, fortel eg. Venen min vil då høgst truleg meina at dette høyrest heilt fantastisk ut. Tenk å ha det slik, sitja under eit epletre i Hardanger, tenk å kunna liggja i senga om hausten og høyra på bekken og på hjorten som er galen og brølar i skogen. Tenk å leva eit liv der årstidene har meining, der det kjem lam om våren og der vatnet til huset år om anna frys om vinteren. Eg høyrer at venen min i byen lengtar, og at han tenkjer at eg er nesten ein Lars Monsen eller ein Henry David Thoreau. Eg seier det ikkje, men eg tenkjer at det ikkje er sant. Venen min i byen finn nok ikkje ro, men han køyrer heller ikkje ein stor firhjulstrekkar som er god å ha dei fire dagane med snøfall. Han varmar ikkje opp eit hus på 300 kvadratmeter. Han tek ikkje bilen, i staden for bussen, berre fordi han ikkje orkar tanken på at bussen tek ein omveg til der han skal, og at han må gå 250 meter med tre bæreposar. Han møter ikkje naturen i kvardagen, men kanskje oppfører han seg likevel meir varleg andsynes fellesressursane våre.

Det er lett å vera Olav Nygard ein laurdag, å vera ein som finn svar i fjellet. Det er lett å vera Lars Monsen ein sundag i fint ver, finna seg turrved og laga seg middag ute i skogen. Det er lett å vera David Henry Thoreau i ferien, reisa fem dagar på hytta eller på stølen og tenkja at frå no av skal eg alltid vera inderleg takksam for at det finst dusj.
Skal ikkje eg få køyra bil til handelslaget, når Arne Næss får køyra helikopter til hytta si? Det er ikkje lett å vera den japanske haiku-diktaren Basho i kvardagen. Om han skriv Olav H. Hauge:

Ikkje bil,
ikkje fly –
anten ein høyslede
eller ei skranglekjerre
- eller eldvogni til Elias!

Du kjem ikkje lenger enn Basho.
Han rakk fram til fots.

Å definere sitt eget sentrum av Gitte Sætre

” Is the countryside becoming avant garde? Is there a recent trend among young urban artists that reflects renewed curiosity and creativity inspired by our relationship with nature?”

Kurator Inger Lena Gåsemyr viser til et fenomen jeg mener å skimte og
som jeg, som ung urban kunstner som jobber i periferien, kan identifisere
meg med. Jeg driver kunstprosjektet Luftskipet. Dette er en mobil, oppblåsbar arena som skal oppsøke forskjellige steder i Sund, Fjell og Øygarden kommuner, og som møter publikum der de er. Prosjektet mitt handler om å gå i dialog med et lokalsamfunn og/eller tankene omkring stedet, for eksempel et kulturminne eller en plan for regional utvikling. Utover å forholde seg til problemstillinger i selve verket, etableres det dialog med omgivelsene og de mennesker som er i interaksjon med stedet.

Noe av hensikten med mitt prosjekt er å sammenstille situasjoner og eksistenssfærer som oppfattes som ulike, som for eksempel det å bringe fortid, nåtid og fremtid sammen i lesbare bilder. Det ønskede effektmålet, som det så fint heter, er å kommunisere hva kunst kan være, hva kunst kan formidle og åpne opp for alternative måter å se ting på. Kommunene jeg arbeider for har tatt innover seg at bærekraftig utvikling avhenger av større
helhetsforståelse i samfunnet, bedre innsikt i sammenhenger og at veien til økt forståelse går gjennom demokratiske og kommunikative tiltak.

Både i politiske, miljømessige og mellommenneskelige sammenhenger er relasjonell og temporær kunst svært interessant. Tendensen som skisseres i Eksentrum føler jeg blant annet ligger i kunstnernes ønske om å synliggjøre hvilken rolle samtidskunsten kan ha i våre liv og hvor sterk formidlingsevne kunsten innehar. Kunstfeltet gjennomgår nå en slags metamorfose, og i Norge er det ikke lenge siden den startet. I 1994 gikk jeg på kunstskolen i Bergen og laget en installasjon av hvite kuber som jeg projiserte (den gang via lysbildeapparat) bilder av naturen på. Installasjonen ble ikke sett på som kunst da verket ikke eksisterte i mørket. Uten strøm intet verk. Intet verk ingen kunst. Utvidelsen av kunstfeltet, og ikke minst måten vi ser kunst på i dag, er en naturlig og nødvendig utvikling. Når kunsten nå i stadig sterkere grad blir ledet inn mot ulike samfunnsprosjekt, blir det avgjørende å ivareta muligheten til å eksperimentere, slik at ikke kunstnerne begrenses av utenforliggende interesser og selger seg ut for tidlig i prosessen. Vi må levere mer enn det folk forventer. Vår kompetanse og energi er ettertraktet i disse dager. Da må vi tar vare på vår egen forskning og våre egenskaper som kunstnere, og ikke la oss styre av kulturdepartementet eller næringslivets behov. Det er dialogen mellom likeverdige parter med ulike ståsted, som river ned faste forestillinger og åpner for nyskaping og utvikling.

Kunsten har helt klart en egenskap til å fange opp behov, fremprovosere nye tanker og uten redsel teste ut sine ideer. Kunsten er også i stand til å forandre oppfatning av seg selv. Land Art-bevegelsen tok kunsten ut av gallerienes og institusjonenes penge- og maktstrukturer. Kunsten ble plassert i naturen og ut der folk levde livene sine. Når de kommersielle krefter har klart å verdisette bruk av kunsten til for eksempel å profilere et sted, en by eller en bedrift, da er kunstneren sitt fokus flyttet. Kunsten er i konstant bevegelse. Interessefokus flytter seg fra skulptur i landskap til handling i landskap; blikket rettes mer mot mennesket i kontekst og/eller natur i kontekst.

Det vil alltid være en diskusjon og en spenning mellom kunsten og resten av samfunnet. Motsetningene kan ligge i at staten og institusjonene har reelle behov for å fange og verdisette kunsten, mens kunsten har en evig trang til å unnslippe, til å utforske og finne ny mening.

Varseltrekanten som dukker opp når jeg ser den relasjonelle kunstens fremtid, er forventningene om at kunsten skal ha en nyttefunksjon. Vi må ikke komme i en situasjon der vi som kunstnere er blitt så integrert i oppgaver og miljøer, at det blir langt mellom nyskapende og provokative handlinger/verk.
Varierende kunstuttrykk er essensielt for kunstens overlevelse. Bredden i kunstuttrykkene vil kunne ivareta kunsten; kunst som tankespill, kunst som lek, intellektuelle prosesser, kunst som formidler av det sublime etc. Jeg ønsker ikke å bli del av en uniformering, slik det på mange måter har skjedd innen moderne design og arkitektur. Selv om folk blir tiltrukket av nye retninger og har de beste intensjoner er det viktig å være våken og bevare
mangfold og bredde.
Når det er sagt, er jeg av den oppfatning at frykten for å miste retten til fri kunstutfoldelse, gjør oss konservative.

Men la meg vende tilbake til tankegangen rundt hva vi oppfatter som sentrum. Kabuso er på mange måter en manifestasjon og et eksempel på en ny måte å tenke. Det å plassere en ambisiøs institusjon som Kabuso på et sted som Øystese, ser jeg ikke kun som resultat av politikk: kunsten ut til folket. Jeg vil våge å påstå at vi også ser en forflytning av definisjonsmakten; hva er periferi og hva er sentrum. I den globaliserte verden er det mer og mer den enkelte som bestemmer hvor sentrum ligger. Vi zapper, sampler, surfer og finner vår inspirasjon og kunnskap fra flere fagfelt/miljøer nasjonalt og internasjonalt.

”The countryside” blir for mange en yndet arbeidsplass med sitt langsommere tempo, billigere boliger, muligheter for kontemplasjon/refleksjon osv. Dette er viktige faktorer for kunstneres mulighet til å drive kunst. ”The countryside” har en mer fri, modellérbar og åpen karakter som det kan være interessant å operere i. Her er det muligheter til å gjøre noe, bli sett og komme i dialog på en annen måte enn i byene. Aspekter ved den urbane virkelighet har lenge vært tema for kunstnerisk arbeid. Forskjellen ligger kanskje i tilnærmingen.

Når det gjelder kompetanse og balansen mellom det å forske og det å ha tette bånd til omverden, tror jeg at den voksende kuratorrollen kan være mellom-leddet som kan initiere gode og flere samarbeid mellom kunsten og det uten-forstående miljø. Kuratoren kan være den som leser situasjonen og finner det passende kunstnerskap. Hun kan være filteret som hjelper kunstneren til å fokusere på sitt prosjekt, og filteret som hjelper publikum til å se prosjektet i sammenheng/relasjon til omverdenen.

Når det gjelder den unge urbane kunstners søken mot naturen, så tror jeg det kan handle om naturens evne å nullstille. Naturen er kanskje et av de siste private rommene vi har igjen, et stilleropende eksistensielt rom. Jeg har flyttet fra by til by i mange år og sjonglert mellom kunstneriske utrykk i håp om å unngå å bli fanget. Etterhvert oppdaget jeg at det var det å stadig forflytte seg, gå inn og ut av ulike kunstfellesskap, som gjorde at jeg var fanget. Jeg ble den unge, urbane kunstnerklisjéen. Derfor tok jeg et grep for å fjerne meg fra det jeg normalt definerte som sentrum. Det er spennende og se hva som skjer når man fjerner seg fra det man kjenner, og i tillegg våger å definere sitt eget nye sentrum. Man kan også se det som et opprør, som en avstandstagen, en kritisk kommentar og et ønske om å ta makten tilbake.

Viktor E. Frankl ser på søken etter mening som en primær kraft i livet. Han sier: ” Vi må være på vakt mot tendensen til å se på verdier bare som utrykk for noe i mennesket selv. For logos eller ”mening” er ikke bare noe som fremgår av den menneskelige eksistens selv. Den er heller noe som møter vår eksistens. Hvis den mening som venter på å bli realisert av mennesket, i virkeligheten ikke var noe annet enn et utrykk for menneskets eget jeg, eller ikke noe mer enn en projeksjon av dets ønsketenkning, da ville den straks miste sin krevende og utfordrene karakter. Den ville ikke lenger kalle på et menneske og inspirere det”.

Jeg vil avslutningsvis vende tilbake til den mobile kunstarenaen Luftskipet, som på mange måter er en konkretisering av de tankene jeg har luftet her.
Luftskipet er et prosjekt som tar kunsten ut og rundt omkring i periferien.
Det er skal flytte seg for å bygge nye relasjoner mellom et nytt publikum og samtidskunsten. Det skal knytte nye, tankevekkende relasjoner mellom samtidskunsten og kulturminner. Det skal også være en formidlingsarena
mellom kunst og næringsliv og mellom aktører som per i dag kanskje ikke snakker sammen. Sist men ikke minst er Luftskipet en installasjon og et kunstprosjekt i seg selv; en severdighet i Sotra og Øygardens kystlandskap.

Den nye bohemen – ondskapens blomster? av Sille Storihle

Bohem har gått å være en person fra Böhmen til en som lever et fritt liv ubundet av gjengse moralnormer. I alle fall ifølge ordboka. Det lukter rødvinsfyll, store ord og dekadense. Ordbokas andre forklaring av bohem avdekker en sammensvergelse. Krets av bohemer, særlig kunstnere. De opererer altså i flertall. I kretser. I lukkede sirkler og det er særlig kunstnere som former slike. De driver med lysskye aktiviteter i gamle industribygg. Uavhengig av samfunnets normer og regler raver de rundt og tar seg til rette. Ifølge ”Excentrum” er det ikke lenger plass til dem i byen.

Jeg føler meg på ingen måte presset ut av byen på grunn av plassmangel, men jeg ville være kunstner utenfor byen. I alle fall i et år. Og hovedmålet i denne beslutningen kan oppsummeres i ett ord: kunnskap. Prosjektet vårt, Barselgrad, dreier seg om å lære noe av stedet vi kom til og av kunstnere som kommer til oss. Samtidig håper vi på at denne læringen går begge veier. At prosjektet foregår gjennom et år gir oss muligheten til både oppturer og nedturer. Vel vitende om at det er oppturene vi vil huske og nedturene vi vil lære av. Det motvirker også den umiddelbare kunst-turist rusen man får av å befinne seg på et helt nytt sted, hvor alt ligger for dine føtter. Dette eksotiske ”excentrumet” blekner litt når hverdagen kommer for en dag. I mine øyne er da det hele begynner. Når både bygda og kunstnerne slipper å være eksotiske. Når kunstnere kan få bryte ut av sin krets av bohemer og isteden for å være fri fra de gjengse moralnormer stille spørsmål ved dem og handle. Jeg tror at kunst og bygd kan være et lykketreff, men det kan like godt være en skivebom. Fykse skytterlag har allerede oppdaget at kunstnere ikke nødvendigvis er gode skyttere og trenger litt hjelp for å treffe blink. Bak en hver utvikling ligger det en prosess og skal kunsten og bygda kunne treffe blink trengs det dialog.

Sille Storihle